Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Risikoovergang, levering, kontraktsbrot og reklamasjon

Innhald

Risikoovergang
Levering
Kontraktsbrot
Reklamasjon

Risikoovergang

Den som har risikoen for vara, må bere tapet dersom vara blir skadd eller går tapt som følgje av ei tilfeldig hending som ingen av partane kan lastast for. Det er til dømes aktuelt dersom vara blir utsett for brann eller blir skadd på annan måte, jf. § 13.

Til toppen

Levering

Risikoen går over på kjøparen når tingen er levert. I forbrukarsendekjøp går risikoen over når vara blir overteken av forbrukaren, jf. § 14, sjå § 7.

Konsekvensar ved at kjøparen har risikoen

  • kjøparen må betale kjøpesummen
  • kjøparen må eventuelt reise krav mot andre enn seljaren

Konsekvensar ved at seljaren har risikoen

  • seljaren kan ikkje krevje kjøpesummen betalt dersom tingen er tapt
  • seljaren kan få sanksjonar mot seg på grunn av kontraktsbrot
Til toppen

Kontraktsbrot

Eit kontraktsbrot ligg føre dersom det kan peikast på eit avvik i dei rettane og pliktene partane har etter kjøpekontrakten. Seljaren skal levere avtalt vare på rett stad til rett tid og gi kjøparen eigedomsretten til vara.

SELJAREN i eit forbrukarkjøp

Kontraktsbrot er eit faktum når seljaren

  • leverer forseinka, sjå § 19(1)
    vara er levert, men for seint
    vara ikkje blir levert
  • leverer ei vare med manglar, sjå §§ 15-19
    fysiske manglar
    opplysningsmanglar
    rettsmanglar

Er det påvist kontraktsbrot, kan forbrukaren setje i verk sanksjonar mot seljaren. Er mangelen vesentleg, kan forbrukaren til dømes heve kjøpet og i tillegg krevje erstatning. Det er nok å konstatere at avtalen ikkje er oppfylt sjølv om seljaren har gjort så godt ho kunne.

KJØPAREN i eit forbrukarkjøp

Det ligg føre eit kontraktsbrot frå kjøparen si side dersom han

  • lèt vere å betale
  • nektar å medverke

Sanksjonsreglane skal stimulere partane til å oppfylle pliktene sine og hindre at den andre parten blir påført tap eller ulemper. Reglane er motiverte ut frå to omsyn: prevensjonsomsynet og reparasjonsomsynet.

Til toppen

Reklamasjon

Ved kontraktsbrot skal forbrukaren melde frå om avvik, det vil seie reklamere:

  • reklamasjon er ei rettsbevarande handling utan formkrav
  • skriftleg reklamasjon blir tilrådd av omsyn til bevis
  • reklamasjonsretten er tidsavgrensa

Ein reklamasjon er ei melding frå kjøpar til seljar om at det ligg føre eit avvik i forhold til avtalt levering, og kva avviket går ut på, anten det gjeld forseinking eller mangel. Ei slik melding bør komme rimeleg raskt fordi det er ei rettsbevarande handling. Kjøparen taper såleis retten til krav dersom han ventar for lenge.

Ved reklamasjon må forbrukaren halde seg innanfor to fristar. Den relative fristen, som er «innen rimelig tid etter at mangelen ble oppdaget eller burde vært oppdaget», jf. § 27 første ledd. Fristen er likevel ikkje kortare enn to månader frå det tidspunktet da forbrukaren faktisk oppdaga mangelen. Det vil seie at forbrukaren har 2 månader pluss litt meir tid til å melde frå. Den absolutte fristen er 2 år frå forbrukaren kjøpte tingen; uansett om forbrukaren har oppdaga mangelen eller ikkje. For ting som er meinte å vare vesentleg lenger, er den absolutte fristen 5 år.

Slik kan ei reklamasjon sjå ut:

Kristin Andersen
Gullvegen 115
2600 LILLEHAMMER

Godfoten AS
Storgt. 41
2600 LILLEHAMMER

Reklamasjon
Eg kjøpte eit par vintersko i forretninga dykkar 2. oktober 2016 for kr 1250. Etter berre 14 dagars normal bruk losna overlêret frå skosolen i hælpartiet på den eine skoen. Eg meiner at vintersko i denne prisklassen bør ha ei varigheit på meir enn 14 dagar. Skoa har etter mi vurdering ein vesentleg mangel, og eg ber om å få eit nytt par av same merke.

Lillehammer, 25. oktober 2016

Med vennleg helsing
Miriam Holmen